LAMA (Live Analog Music Association) er en kvintett med lang fartstid og stor aldersspredning og ditto geografisk spredning, fra Eide via Molde tll Midsund. De spiller swingende og melodiøs musikk inspirert av de store stjernene i amerikansk jazz på 1950- og 60-tallet.
Besetning: Olav Tornes – saxofoner Gunnar Bech – trombone og vokal Torstein Fuglseth – gitar Joachim Orvik – trommer Torgeir Døssland – kontrabass
LAMA kan bare oppleves i sanntid, de har ingen nettisde, har ikke gitt ut plate og er ikke representert på strømmetjenester. Benytt derfor denne enestående sjansen, møt opp og hør sjøl! Billettsalg i døra Ordinær 200,- Medlem 150,- Barn og unge gratis
Julian Haugland Erlend Kongtorp Amund Totland Hogne Kleiberg Steinar Heide Bø
Funky instrumentalmusikk frå dei siste tiår har aldri vore så morosamt som når bandet Überjam frå Ulsteinvik spelar dette med begeistring og humor. Bandet haustar lovord for lett og ledig stemning når perlene frå Mezzoforte, Koinonia, Lee Ritenour Wes Montgomery, Pat Metheny og fleire andre vert servert i lettfatteleg innpakning. I seriøs kontakt med røtene sine står Überjam som ein påle i minna frå den tida der alt med ”slaphand” bassing vart omtala som ”West coast” uten at vi ana kvifor. Responsen frå publikum har vore overveldande, og humor rundt låthistorikk i kombinasjon med høg nynnefaktor gjer dette til ein minnerik og uforgløymeleg session. Bandet tek tak i flott instrumentalmusikk med hovudvekt på 70/ 80 og 90-talet. Überjam består av Rune Ertesvåg; gitar, Jan Thormodsæter; bass, Bertil Tødenes; Trommer, Peter Demirov; Tangentar
Årsmøte i Jazzsirkelen + Dobbeltkonsert med Benjamin Gisli trio, og Johanna Reine Nilsen/Petter Dalane
Kafémarkering av Jazzsirkelen sitt 20årsjubileum
Konserten presenteres av Jazzsirkelen i samarbeid med Parken kulturhus. Vinteren 2024 kjem debutalbumet til Roaldsnes/Hasselgård «Snart skal jeg våkne» ut på det anerkjende plateselskapet Nye Nor. Dag-Filip Roaldsnes og Vegard Hasselgård har gått saman i eit nytt prosjekt der dei skriv fram melodiar og historier om dagane, nettene, draumane og menneska. Inspirert av filmmusikk, minimalisme, jazz, brevvekslingar og diktsamlingar, er dette musikk med melodisk teft og nerve. Dag-Filip Roaldsnes -piano Vegard Hasselgård -gitar Jonas K. Vemøy -trompet Lars Martin Vik -kontrabass Dag-Filip Roaldsnes er pianist og komponist med bakgrunn frå Norges musikkhøgskule, der han studerte hos Misha Alperin. Roaldsnes fekk Ungjazzprisen i 2012, same år blei hans debutalbum kåra til eit av årets album av Terje Mosnes i Dagbladet. Dag-Filip er ein etterspurt pianist og arrangør i mange samanhengar, og har jobba med folk som Edvard Hoem, Hanna Paulsberg, Karl Seglem, Jorun Marie Kvernberg, Ålesund strykekvartett, Nils-Øivind Haagensen og popbandet The Margarets. Vegard Hasselgård er gitarist og komponist med utdanning frå Norges musikkhøgskule, der han studerte med Jon Eberson. Hasselgård er for tida aktuell på albumet «Min lille by» av Hilde Brunsvik, der han spelar med musikarar som Karl Seglem, Tore Sandbakken og Ellen Brekken. Hasselgård komponerer også musikk for stumfilm, med nyleg urframføring på Sentralen, Oslo. I 2024 kjem Hasselgård med albumet «Til skogs» saman med bassist Andreas Haga, kjend frå jazztrioen «Maridalen».
Blue Horn Jazzband er eit jazzband med base i Sykkylven. Bandet vart starta i 1997 av Terje Frøystad (1950–2011) og Jan Lade, begge var tidlegare drivkrefter i Sykkylven storband som hadde røter tilbake til 1968. Bandet har sitt utgangspunkt i trad- og swingmusikken med repertoar mest frå perioden 1912-1940. Medlemene har vore frå Sykkylven, Ålesund og Molde. Bandet har delteke på ei rekkje tradjazzfestivalar i Skandinavia og har vore på jazzcruise på Nilen. Dei har gitt ut 3 CD-ar. Den siste live frå kyrkjekonsert med Marilyn Keller (USA) og bandets faste vokalist, Margrethe Velle Ødegård. Frå 2019 har bandet hatt følgjande besetning: Arnfinn Grebstad (altsax, klarinett, fløyte), Jan Lade (trompet, flygelhorn), Halstein Kurseth (gitar, banjo, vokal), Sveinung Utgård (kontrabass), Stein Lied (slagverk), Thore Senneset (tenorsaksofon) og Margrethe Velle Ødegård (vokal). 10. februar speler Bjørn Franzen (trombone) og Askjell Molvær (piano) med. CD-utgjevingar: With a heart full of rythm. 2002. Trad and sweet. 2008. *Together. 2011.
Sula Swing består av Håvard Blomvik: gitar Ole Andersen: trompet Roger Hauge: trommer/vok Anita Malmedal: sax/vok Jens Petter Stølen: trombone Sjur Ola Stadsnes: bass Bjørn Fiskerstrand: tangent Sula Swing er ein gjeng glade og gode naboar, som speler melodiøs swingjazz med storbandsound. Bandet har sin base på Sula, og byr på både instrumentale og vokale låtar frå “The American Songbook”, særleg arrangert for bandet. Musikken berer preg av humor og speleglede, og er ein hyllest til musikken frå tida rundt 30-40 talet.
Skarbø Skulekorps er på korpstur, og endelig går turen til Ålesund! Etter fem år, med tre kritikerroste album, opptreden i gullrekka på NRK, og tallause konsertar, er korpset meir samspelt enn nokon gong. Den siste plata, Innesko, kom i april 2023 og var like eklektisk og sprudlande som dei to førregåande. "Et overskuddsprosjekt av de sjeldne," skreiv Dagavisen. 60-tals jazz med 80-tals synth? Samtidsmusikk med steelgitar og banjo? Ja takk!
Mari Kvien Brunvoll: vokal, elektronikk Eirik Hegdal: C Melody sax, klarinett, synth Erik Johannessen: trombone, elektronikk Stian Omenås: trompet, synth, perkusjon Ivar Grydeland: pedal steel, gitar TBA: bass, synth Øyvind Skarbø: trommer Hans-Olav Molde: lyd
Sundesthesia
Sund Jazzlinje på turne! Kvart skuleår dreg jazzlinja på Sund folkehøyskole på turne med eigenskrivne låtar, og no er det årets kull. Vi er “Sundesthesia” som tek utgangspunkt i synestesi som er korleis fargar vert kobla til lyd i hjerna. Sundesthesia ønskar å gi publikum ei heilheitleg oppleving som vil huskast. Musikken kan samanliknast med fargerike maleri, store kontrastar, fleire lag og detaljar. Med eit så stort musikalsk maleri laga av 22 musikarar er det vanskeleg å ikkje bli rive med. Med 21 musikarar i bandet blir det mange ulike inspirasjonar og fargeutrykk i låtane, det blir store kontrastar, heftige grooves, deilige blåsearrangement, og fargerike soloar.
Vokal: Gunhild Gjøsund Kleppen Vokal: Ingeborg Skrede Vokal: Øygunn Hauffen Fløyte: Jenny Vik Trompet: Maren Skjong Trompet: Móeidur Loftsdóttir Trompet: Zacharias Ellingsen Trombone: Kristian Egge Jordheim Alt sax: Simon Vestli Bariton sax: Jostein Graff Gitar: Leo Aske-Nannestad Gitar: Ole-Hellik Lobben-Seth Tangenter/Trekkspill: Daniel Petterson Utvær Tangenter/Pianobar: Nikolai Hansli Kontrabass: Ask Hansen Viste Kontrabass: Håvard Hausberg Kontrabass: Runa Kirby Torbo Elbass: Per Norendal Trommer: Embla Bang Frantzen Trommer: Espen O’Connell Trommer: Ib Hilden Trommer: Mikkel Nordtveit
Dan Aasebø, gitar Svein O. Hunnes, bass Øyvind Lied, keyboars Carlos J. Alberici, trommer
«Medlemmer i FIRE er noen av de mest aktive musikerne på Sunnmøre. De har vært involvert i et bredt spekter av musikkproduksjoner innen pop, jazz, funk, latin og klassisk musikk. De har også spilt i ulike vinylplater/CD-produksjoner, komponert/arrangert diverse musikkstykker, dirigert kor, korps og storband og var aktive frilansmusikere i både Oslo og M&R fylke med mange turneer rundt om i landet.»
Konserten presenteres av Jazzsirkelen i samarbeid med Parken kulturhus. Albumet "Synger Grieg med Bugge" starta med ein SMS frå Lars Lillo-Stenberg til Bugge med spørsmål om å lage ny plate. Over eit par meldingar var det allereie bestemt. Den nye plata med songar frå Grieg fann truleg inspirasjonen sin blant oldemor Ingeborgs skinninnbundne samlingar. Noko av det som fanga merksemda til Lars Lillo-Stenberg var dei storarta tekstane som kom tydeleg fram når han skulle gjere dei til sine. Likevel har han teke seg nokre fridommar i omsetjinga frå nynorsk til bokmål og med tidsriktig ordbruk. Plata har tekstar frå mellom anna Ibsen, Bjørnson, Arne Garborg, Aasmund Olavsson Vinje, Vilhelm Krag og H.C. Andersen. "Jeg må si at det er utrolig fint og spesielt å synge og spille sanger som er laget så lenge før alt jeg har av sjangere i min platesamling ble oppfunnet. Gamle musikalske følelser funker fremdeles. Heia Grieg!" - Lars Lillo-Stenberg Griegs friske og fantastiske akkordrekkjer og mot-rytmiske figurar er naturlegvis komponert note for note – noko som vart vanskeleg når Lillo-Stenberg skulle sleppe eigen kreativitet til. Med eit forenkla gitarkomp kunne Bugge spinne vidare på anslaget og finne deira eigne retning. Så slik vart det. Nokre gonger nokolunde høfleg, andre gonger direkte uhøfleg – men, alltid kjærleg. Utgivinga har til slutt vorte ein realitet med ei rekkje kjende musikarar om bord. Mellom anna Ellen Andrea Wang, No. 4, Mary Erskine og Stian Carstensen.
Velkommen til første jazzkafé i 2024. Vi startar med Kurt Sagen Kvartett laurdag 20.01 Billetter kan kjøpast i døra 200,- ordinær 150,- medlem Ungdom gratis «Kurt Sagen Jazz Kvartett» med musikere fra Ålesund, Haram og Molde.Sven Bernt Ellingseter-saksofoner, Miki Campins-slagverk, Erik Kristoffer Jenset-kontrabass/Vokal og Kurt Sagen -gitar. Bandet spiller klassiske jazzlåter, krydret med egne arrangementer. Dette er stemningsfull og iørefallende akustisk jazz for folk flest, og mange av melodiene blir framført i brasilianske rytmer som bossa nova og samba. Kurt Sagen som er bandleder og gitarist, har i en årrekke markert seg innen jazz og underholdnings-musikk i regionen. Han har i sin lange fartstid som musiker vært leder og gitarist i kjente lokale band som «West Coast Swing», «Blue Horn Jazzband», «Intermezzo Duo», «Molvær/Sagen Trio» og «Møre Swing Band». Sven Bernt Ellingseter fra Fiksdalen er en begavet musiker og saksofonist. Bernt har lang fartstid fra tidligere band innen soul, rock og blues. Han er også mye brukt som saksofonist i Molde sitt jazzmiljø. Han spiller også fast i «Artur Bleiken og hans Jazzbeskjed». Miki Campins spiller trommer. Han har Bachelor og Master i perkusjon. Han underviser nå på slagverk i Ålesund, og gjør seg gjeldende på en rekke framtredende musikk-aktiviteter i regionen. Det er et privilegium å ha ham med som fast medlem også i dette bandet. Erik Kristoffer Jenset har bosted i Molde og spiller kontrabass. Erik oser av musikalitet og spilleglede på scena. Han spiller også i «Molde Jazzensemble» og «Artur Bleiken og hans Jazzbeskjed»